Toppkamp mot Stabæk

Søndag møtes opprykksfavorittene Bryne og Stabæk til kamp på Bryne stadion.

Etter 20 spelte kampar ligg Bryne på 2.plass på tabellen, med fem poeng fleire enn våre gjester, Stabæk. Dei siste serierundane har laga «kjempa» om å vera favorittar på Norsk Tipping sin odds for å rykka opp til Eliteserien saman med tabell-leiar Vålerenga. Men på søndag er det ein skikkelig kamp om å gjera.

Kjøp billett til kampen her

Kampen har blitt flytta frå måndag til søndag, sidan Stabæk har fleire unge spelarar som skal ut i U-landskampar i veka som kjem. Vi håper verkeleg jærbuen har lyst til å møta fram på Stadion og vera med å heia Bryne fram til siger i denne toppkampen.

Kampen er flyttet inn i helgen og alt ligger til rette for mange tilskuere på kamp mot Stabæk.
Kampen er flyttet inn i helgen og alt ligger til rette for mange tilskuere på kamp mot Stabæk.

Stabæk
Ser vi nærare på tabellen, er Stabæk sterke på heimebane, der dei to einaste tapa har kome mot andre topplag, Moss og Egersund. Borte har det berre blitt tre sigrar, men to av dei mot andre topplag, Vålerenga tidlig i vår (3-1) og Sogndal (3-2). Men laget klarte å slå Sandnes Ulf 3-1 i Sandnes etter ein god avslutning på kampen for to serierundar sidan.

Lagets keeper er velkjente Sondre Rossbach, med 11 sesongar i Odd før han vart lånt ut til Vålerenga og svenske Degerfors dei to siste åra. Han har 47 U-landskampar på ulike alderstrinn og er nysignert for Stabæk denne sesongen.

Den mest brukte forsvarsrekka har to med mykje rutine, Nikolai Næss og Jørgen Skjelvik, og to unge, Joacim Nysveen og Aleksander Andersen. 

Næss starta karriera i Vålerenga, var innom Stabæk nokre sesongar før han drog utanlands, til Heerenveen i Nederland og Columbus Crew i USA før han spela fire sesongar i Sarpsborg 08. I 2022 kom han tilbake til Stabæk og er lagets kaptein.

Skjelvik er opprinnelig Stabæk-gutt, spelte i Tippeligaen så langt tilbake som i 2010, og har spelt fotball i Sverige, USA, Danmark og Kypros i tillegg til fem sesongar i Rosenborg, før han kom «heim» til Stabæk denne sesongen.

På midtbanen har to lokale unggutar frå Oslo-området spela dei fleste kampane, Herman Geelmuyden, og Rasmus Winge, i tillegg til Kalogan Kostadinov som her på Jæren er mest kjent for å ha gått «gradene» i Sandnes Ulf, men har spelt for Stabæk sidan 2020.

Danske Magnus Christensen, med to sesongar i Haugesund, er og ei viktig brikke i denne lagdelen. Han kom til klubben denne sesongen.

Robert Undheim spilte i kampen mot Stabæk i 2022 som endte 0-0.
Robert Undheim spilte i kampen mot Stabæk i 2022 som endte 0-0.

På topp spelar lagets toppscorar Bassekou Diabate frå Mali, med 12 mål på 11 seriekampar. Han  kom frå Jerv denne sesongen og scora då laget slo Bryne 1-0 i andre serierunde. Unge Oscar Nysæter har scora 9 mål, men ikkje spela etter ferien. Sebastian Olderheim er og ein unggut som har fått mykje speletid i angrepet i år.

Andre aktuelle spelarar er Nikolas Walstad i forsvar med erfaring frå Haugesund, Mjøndalen, Ull/Kisa og Lillestrøm, og Thomas Roberts frå USA som blir mest brukt på midtbanen. Den unge spissen William Wendt og danske Kasper Pedersen kan og bli å sjå på lagoppstillinga.

Lagets trenar, Bob Bradley (66), er inne i sin andre periode i klubben, sist var i 2014 og 2015. Han har trenarerfaring frå fem ulike land utanom Norge, og vore landslagstrenar både for USA og Egypt.

Historikk
I seriekampar har det berre vore jamne oppgjer dei siste kampane. Som nevnt vann Stabæk årets våroppgjer 1-0. I 2022 vart det 0-0 på Bryne og 2-2 på Nadderud, sist laga var i same divisjon.

Av dagens aktuelle spelarar for Bryne starta Sondre og Robert begge kampane, medan Igor stod i mål på Bryne og ein relativt nysignert Axel var med på Nadderud og scora det eine målet på ei fin heading. Sigurd Grønli scora Bryne sitt andre mål. Kasper Pedersen og Nikolai Næss starta begge kampane for Stabæk og Herman Geelmuyden starta i kampen på Nadderud.

Jon Helge Tveita har scoret mot Stabæk for Bryne før.
Jon Helge Tveita har scoret mot Stabæk for Bryne før.

Går vi endå lenger tilbake, til 2013, starta Jon Helge Tveita begge kampane for Bryne som endte 1-2 heime og 2-2 borte, der han på Nadderud scora begge måla. Nikolai Næss kom inn som innbyttar for Stabæk i kampen på Bryne der han fekk sitt andre gule kort på overtid utan å måtte gå av banen, sidan den danske dommaren som var på dommarutveksling fullstendig mista grepet på kampen på slutten der han delte ut tre gule kort til Bryne, og to til Stabæk og ikkje fekk med seg at Næss alt hadde eitt frå før.

Det vart møteverksemd etter kampen, om det skulle protesterast, men Gaute Larsen som Brynetrenar, og med lang fartstid i Stabæk, ville ikkje protestera sidan dommarfeilen skjedde langt på overtid med under minuttet igjen å spela og ikkje ville påvirka kampresultatet.  At Stabæk tilslutt rykka opp og Bryne enda eitt poeng bak kvalik i 2013, er ei anna historie.

Kjøp billett til kampen her

Annonse fra Obos-ligaen: