![](/nyheter/spennande-lokaloppgjer-mellom-to-lag-i-form/_/image/3eec1df1-316c-45ff-9eec-7f443dd78dea:bd382bd7bb01904b8425cd3347de80970ca271e9/wide-1600-900/0S6A6810.jpg)
Spennande lokaloppgjer mellom to lag i form
For tredje gong sidan Bryne kom tilbake til OBOS-ligaen i 2021 er det klart for kamp mot vår lyseblå naboar i nord. Bryne har fire strake heimesigrar og Sandnes Ulf tre strake bortesigrar utan å sleppa inn mål, så det er to lag i form som møtes på Bryne Stadion kl.15.00 på søndag.
Publikumsrekord for sesongen?
Sandnes Ulf ligg poenget føre Bryne på tabellen, med ein kamp mindre spela, så ut frå tabellplasseringa kan det tyde på eit jamt oppgjer. Heimeformen til Bryne og borteformen til Sandnes Ulf tyder på at det kan bli ein god og spennande kamp. Uansett tabellplassering betyr det mykje å vinna ein slik kamp, og vi håper på publikums-årsrekord med godt over 2000 på tribunane både frå Jæren og Sandnes.
![0S6A2208.jpg](https://www.brynefk.no/nyheter/spennande-lokaloppgjer-mellom-to-lag-i-form/_/image/adae766a-dafd-4dc4-84e8-43498ff433ea:fd1c921008af35a5cf9020f747e23a678ab967a6/width-1100/0S6A2208.jpg)
Historikk
Sidan Bryne kom tilbake til OBOS-ligaen i 2021, har laga spela fem kampar mot kvarandre, der Sandnes/Ulf har vunne alle fem. Bryne har berre scora eitt mål på desse kampane, og det var endå til eit sjølvmål i opningskampen på Østerhus Arena i 2022. Går vi litt lenger tilbake, vann Bryne 1-0 i 3.runde i cupen på heimebane i 2018. Heimekampane både i 2015 ( 2-1 ) og 2016 (1-0 ) vann Bryne, då Sandnes Ulf var tilbake i 1.divisjon etter nokre år i Eliteserien.
Går vi nærare inn på einskilde kampar, kan det nemnast at begge lag stilte med keeper som kaptein på Bryne Stadion i 2015: Anders Kristiansen og Hannes Haldorsson. I 2016, var Alf Ingve Berntsen, bror til dagens Sandnes Ulf-trenar, trenar for Bryne, og bytta ut Erling Braut Haaland i pausen med Aram Khalili. Aram scora det einaste målet i kampen og sørga for at Bryne tok alle tre poenga. Både Pål Aamodt og Sondre Norheim var på banen for Bryne i kampane i 2016. Pål starta begge, medan Sondre kom inn som innbytar i begge kampane. Robert Undheim var og på banen som innbytar i kampen på Bryne i 2016.
![0S6A3139.jpg](https://www.brynefk.no/nyheter/spennande-lokaloppgjer-mellom-to-lag-i-form/_/image/2aa28c4d-fa9b-4d9b-b4dd-2bab39762b02:28fd315898b0fcd13a94325d28002091ded015e6/width-1100/0S6A3139.jpg)
Fleire spelarar som tidligare har spelt for motstandaren
I Sandnes Ulf har Tommy Høiland scora fire mål i juli og august, og sjøl om han ikkje var med i siste kamp heime mot Mjøndalen, er han nok på plass når avsparket vert tatt på søndag. Som ekte Brynegut er nok dette ein kamp han absolutt vil spela. Kristoffer Hay, med to sesongar i Bryne, fekk sitt fjerde gule kort i nemnte kamp mot Mjøndalen, og kan dermed ikkje vera med. Fleire Bryne-supportarar har tydeleg uttrykt at dei ikkje er veldig lei seg for det. Mamadou Diaw spela som alle veit vårsesongen i Bryne og scora 4 mål. Nå har han erstatta Martin Ramsland, og skal prøva å scora mål for motstandaren på Bryne Stadion.
På Bryne-laget har Axel Kryger fleire sesongar hos motstandaren. Han har vore kaptein, spela cupoppgjeret i 2018 og sat på benken så langt tilbake som i kampane på Bryne Stadion i 2015 og 2016. Andreas Dybevik har og kampar for Sandnes Ulf. Han sat på benken i cupoppgjeret i 2018. Christian Landu-Landu var ein gigant for Sandnes Ulf i kampen på Bryne i 2021, og var saman med keeper Aslak Falch og målscorar Jostein Ekeland sterkt medvirkande til at Sandnes Ulf vann 1-0. Lars Erik Sødal spela fjorårssesongen i Sandnes Ulf, og var på banen nesten heile avslutningskampen på Bryne Stadion i fjor då Sandnes Ulf vann 2-0.
![0S6A7215.jpg](https://www.brynefk.no/nyheter/spennande-lokaloppgjer-mellom-to-lag-i-form/_/image/0f058209-99e4-4fd1-9385-d26040bb91ce:5bd0d1b58f54e8065fe9bb024eafb7ba36bf37f8/width-1100/0S6A7215.jpg)
Sesongen 2023
Sandnes Ulf har nettopp solgt Martin Ramsland (Aalesund) og Anders Hiim (Sarpsborg 08). Mamadou Diaw er nemnt, og i tillegg har laget henta Filip Delaveris med bakgrunn i Brann, Odd og KFUM. Aslak Falch viser framleis storspel i mål, og Aleksander Stølås ser endeleg ut til å vera heilt frisk etter langvarig skade. Espen Berger er bautaen i midtforsvaret, Halgunset, Moldskred og Tadesse på midtbanen har vore gode mot Bryne før, og Herman Kleppa på høgreback har vore dominerande mot Bryne då han spela i Raufoss. I tillegg har fleire unge, lokale spelarar fått speletid i år. Artan Memedov, Gullbrandur Øregaard og Endre Osenbroch er tre av dei som har alle hatt god utvikling.
Det vert spennande å sjå kva Bryne-lag som startar på søndag. Fleire som har vore skada er på veg tilbake, men med sesongbeste på bortebane i Grimstad på søndag, treng ein nok ikkje venta for store endringar. Dei som vil halda seg orientert og har høve, kan jo møta fram på treningane, og prøva å finna det ut sjølv. Uansett er det eit revansjesugent Brynelag som vil gje alt på søndag for å halda vedlike den fine heimeststistikken. Er det lov å håpa på reprise av resultatet i treningskampen i februar, 3-0 til Bryne?