Serieavslutning på heimebane
Alle veit kva det dreier seg om i sesongens siste heimekamp.
Med fullsette tribunar og lokaloppgjer mot våre naboar i sør, Egersund, er det duka for årets fotballfest på Stadion, både før, under og etter kampen. Berre serievinnar Vålerenga slår Bryne på heimestatistikken og Egersund på bortestatistikken i år, så dette er ein verkeleg toppkamp.
Egersund
Egersund ligg på 5.plass på tabellen og kjempar for kvalikplassen i sin første sesong på dette nivået i norsk fotball, ein svært sterk prestasjon. Som nevnt er laget gode på bortebane, med 7 sigrar, men med tre tap på dei fire siste bortekampane har sjansen til direkte opprykk forsvunne.
Lagets trenar, Kjell Andrè Thu er frå Horten, og han trente sin lokale klubb Ørn Horten i sju år før han tok EIK til opprykk ifjor. Som aktiv spelar har han u-landskampar for Norge.
Laget har vore med i kampen om opprykk heile sesongen, sjølv om spissen Andreas Helmersen vart seld til Bodø/Glimt og midtbanespelar Heine Åsen Larsen gjekk til Tromsø i sommar. Viktige spelarar som forsvarsspelarane Tord Salte og Bjørn Mæland, midtbanespelarane Horenus Tadesse og Magnus Dahlby og ikkje minst kantspelar Stian Michalsen har vore ute med skade i kortare og lengre periodar av sesongen.
Keeper Sander Lønning vart henta frå Sandnes/Ulf i sommar. Han har stått gode kampar mot Bryne tidligare. I forsvarsrekka som har spela dei siste kampane, finn vi backane Jo Stålesen frå Austrått med fortid i Sandnes/Ulf, Sola og Vard og trønderen Robert Williams. som har vore i Stjørdals/Blink, Rosenborg og Ranheim før han kom til EIK i 2023. Austlendingane Henrik Falchener som kom frå Ørn i år, og Ådne Midtskogen med fortid i HamKam og Kvik/Halden spelar truleg midtstoppar, viss ikkje Tord Salte som har spela nokre kampar i haust tek den eine plassen.
På midtbanen er lokale Chris Sleveland kaptein og sentral i 4-3-3-systemet. Han var to sesongar i Sandnes/Ulf, men har elles spela for EIK heile karriera sidan han debuterte for 12 år sidan. Sivert Strangstad som har spela i Follo, Moss og Asker, og svenske Justin Salmon som og har statsborgarskap og landskampar for Liberia har spelt indreløparar dei siste kampane.
På topp overtok velkjente Joacim Holtan etter Andreas Helmersen som drog til Bodø/Glimt i sommar, og har scora 6 mål i haust. Jørgen Voilås, som vi kjenner frå opphaldet i Bryne, og svenske Jack Lahne er raske kantspelarar. Lahne er ny i sommar og har eit langt opphald i franske Amiens, der han var utlånt til fleire klubbar i Sverige og i Aust-Europa før han kom til Norge og Start i 2023.
Andre aktuelle spelarar er Adrian Bergersen frå Ålgård, som nettopp er frisk etter eit langt skadeopphald, Ingvald Halgunset frå Suldal, som har spela i fleire Rogalandsklubbar, Henrik Elvevold med fortid i Tromsø og Lyn, unge Jørgen Galta som kom frå Viking i sommar og Fanuel Gebreyohannes, ein lokal unggut.
Tidligare kampar og spelarar med kampar for begge lag
I nyare tid vann Bryne begge heimkampane med 2-1 i PostNord-ligaen i den spesielle «Covid-sesongen» då Bryne rykka opp i 2020. Igor Spiridonov, Robert Undheim og Joacim Holtan spela begge desse kampane for Bryne, og Chris Sleveland var kaptein for EIK i den eine av dei. Siste EIK-seier på Bryne Stadion, var i 2018 med 2-0. Men det omvendte oppgjeret i Egersund i sommar vann Bryne 2-0 med scoringar av Luis Gørlich og Lars Erik Sødal.
Ei lang rekke spelarar har spela for begge klubbane: Reidar Omdal frå 60-talet, Kjell Iversen og Jan Kjell Skulstad frå 80-talet, Terje Aasen, Kai Ove Stokkeland , Sverre Larsen, Kim Nyborg, Henning Romslo, Sondre Norheim, Igor Spiridonov og nå sist Tord Salte, Joacim Holtan og Jørgen Voilås for å nemna nokon.
Velkommen til fotballfest! 2.november 2024 kan bli ein ny merkedag i Brynehistoria