
Lokaloppgjer mot Haugesund
Etter seriestarten med fulle tribunar mot Norges beste lag, Bodø/Glimt, er det endeleg klart for ny heimekamp igjen.
Foto: Svenn Olav Sele
Tekst: Geir Magnus Sandve
Som ei fin avslutning på påska håper vi igjen å fylla tribunane og at B-gjengen kan skapa god fotballstemning. Vi håper og på eit godt besøkt bortefelt når vi møter ein av våre naboar FK Haugesund, som kjem til seriekamp på Bryne Stadion for første gong sidan 2009, då begge laga spela i Adecco-ligaen. Sidan det har Haugesund spela 15 sesongar på rad i Eliteserien, ein svært sterk prestasjon.
Klubben vart stifta i oktober 1993, då Haugar og Djerv 1919 slo seg saman om elitesatsing. Laget har fleire periodar i eliteserien, og rykka blant anna opp saman med Bryne i 1999. Den beste serieplasseringa er 3.plass frå 2013, og laget har og to cupfinaletap, i 2007 og 2019.

FK Haugseund
Laget er samansett av spelarar frå fleire nasjonar, med innslag av unge lokale talent.
I mål står Amund Wichne, firlingen frå Mandal, som har spela for Viking, Åsane, Start og Jerv, og har spela for FKH sidan 2023. Blant dei fire i forsvarsrekka finn vi høyreback Claus Niyukiri som har bakgrunn frå ungdomsfotball i Kopervik og kom til klubben i 2023. Den eine midtstopparen, senegalesaren Madiodio Dia, med eit låneopphald i EIK i fjor, kom same året, medan danske Mikkel Fischer som har gått gradene i Midtjylland og vore utlånt til Fredericia kom i fjor. Den svenske venstrebacken Oscar Krusnell har ei meir innhaldsrik karriere: Ungdomsfotball i AIK og akademiet til Sunderland, og fleire sesongar i Hammarby og Brommapojkarna før han kom til FKH i 2023.
På midtbanen er den danske kapteinen Julius Eskesen ein viktig spelar som er inne i sin fjerde sesong i klubben. Morten Konradsen, med lang erfaring frå Bodø/Glimt og Rosenborg og Parfait Bizoza som har vakse opp på Sunnmøre og spela for Herd og Aalesund, og vart henta frå Raufoss i fjor, er to andre aktuelle for laget i ein midtbanetrio, der og klubbveteran Bruno Leite med fortid i Skeid, har vore ein viktig spelar sidan han kom i 2017.
På topp er ein velkjent nykommar, Runar Espejord, med god scoringshistorikk både frå Tromsø og Bodø/Glimt. Det unge stortalentet Petcho Camara frå Elfenbenskysten og dei to lokale frå Bremnes, Sander Innvær og Troy Nyhammer kjempar om plassane på kantane. Nyhammer har 40 u-landskampar for Norge. Unge Ismael Seone frå Burkina Faso og velkjente Martin Samuelsen kan og vera aktuelle på spissplass. Samuelsen med 3 A-landskampar og spel for fleire klubbar i England, i tillegg til Nederland og Danmark blir ofte brukt som innbyttar.
Lagets trenar er danske Sancheev Manoharan.

Kort historikk og spelarar som har spela for begge klubbane
Laga har møtt kvarandre kvart år dei tre siste sesongane i treningskamp vinterstid i Karmøy Storhall, der FKH har vunne alle oppgjera, 2-0, 3-1 og 3-0 i år, i ein kamp som var jamnare enn resultatet tilseier.
I obligatorisk kamp er det siste oppgjeret på Bryne Stadion i 2019 i 3.runde i cupen der FKH vann 6-2 med blant anna to mål av Martin Samuelsen. Frå lagoppstillingane i den kampen kan to andre og vera aktuelle for laget nå, Bruno Leite for FKH og Igor Spiridonov for Bryne.
Sist laga møtte kvarandre i seriekamp på Bryne var 11.oktober 2009 då FKH vann 1-0 i dåverande Adeccoligaen med Roger Eskeland i mål for Bryne, og 2259 på tribunane.
Desse spelarane har alle spela for både FKH og Bryne: Ståle Oldeide, Sjur Jarle Hauge, Trond Bjørndal, Asle Andersen, Ronny Espedal, Jarle Steinsland, Kenneth Høie, Chris Pozniak, Tor Andrè Aasheim og Joacim Holtan. I tillegg har Magnus Johansson vore spelar i FKH og trenar i Bryne, medan Even Sel har trenarerfaring frå begge klubbar.