Kongsvinger heime

Vi skal ta bortebanesuksessen med heim til den gode heimestatistikken på Bryne stadion.

«Heimelaget» Bryne har starta haustsesongen med tre strake bortesigrar, noko klubben ikkje har opplevd på 26 år. Nå står dei andre topplaga i kø for å møta oss på Stadion og hindra oss i å halda på andreplassen på tabellen utover hausten.

Kjøp billett til kampen her

Med den sterke heimestatistikken frå vårsesongen i ryggen har Bryne faktisk nå den nest lågaste oddsen (2.75) hos Norsk Tipping for å rykka direkte opp i Eliteserien. Berre Vålerenga (1.03) har lågare odds.

Bondehæren har støttet oss på både heimebane og bortebane den siste tida.
Bondehæren har støttet oss på både heimebane og bortebane den siste tida. Foto: Svenn Olav Sele

Etter svært god publikumsstøtte i lokaloppgjera mot Egersund og Sandnes Ulf, og suksess på bortebane i dei to siste kampane, bør jærbuen møte opp på Stadion på måndagskvelden for å sjå Bryne halda fram med å scora mål og kjempa om nye sigrar på heimebane.

Tidligare kampar
Kongsvinger er det første av laga som kjem på besøk. Vi møtte Kongsvinger i seriestarten på heimebane i fjor og vann 2-1 etter ein tidlig scoring av Sigurd Grønli og ein på overtid av innlånte Mamadou Diaw. Ingen av dei to er i klubben nå, men seks av spelarane som var på banen i den kampen vert nok å sjå på banen for Bryne måndag kveld.

Bryne jubler for scoring mot Kongsvinger på heimebane i fjor.
Bryne jubler for scoring mot Kongsvinger på heimebane i fjor. Foto: Svenn Olav Sele

Dagens motstandar Kongsvinger har vi møtt to gonger på deira heimebane Gjemselund sidan serieåpninga i fjor. Haustkampen i 2023 vann vi 3-1 med dramatikk i sluttminutta der Kongsvingerkeeper Strømberg vart utvist og Moreira og Dybevik på straffe scora mål, etter at Grønli utlikna rett før pause.

I kampen i vår fekk Kongsvinger revansje og vann 3-1 der Tveita scora for oss. Dramatikk var det og i kampen på heimebane i 2022, då nevnte keeper Strømberg utlikna til 1-1 for Kongsvinger langt på overtid då han kom opp på ein corner.

Landu-Landu har signert ny kontrakt og er klar for mer jubel på Bryne stadion.
Landu-Landu har signert ny kontrakt og er klar for mer jubel på Bryne stadion. Foto: Svenn Olav Sele

Kongsvinger
Laget har mange kjente spelarar. For vårt publikum er det sjølsagt nysigneringa Andreas Dybevik vi kjenner best . Han fekk fortjent applaus for 200 A-kampar for Bryne i sin siste heimekamp for klubben, og vert nok nå å sjå på banen i bortedrakt.

Kongsvinger har som mange lag nokre ekte klubbveteranar, med tosifra antall sesongar i klubben: Midtbanegeneral Harald Holter og han mange kallar Mr. OBOS-liga, Adem Guven, som framleis veit kor målet står. Spissen Vegard Moberg har erfaring frå mange norske toppklubbar. (red.anm. Etter at dette ble skrevet har Moberg signert for Mjøndalen).

Den svenske keeperen August Strømberg og midtstoppar Fredrik Holmè har og fleire sesongar i klubben.  Kongsvinger satsar på opprykk, og har og henta inn nye spelarar denne sesongen utanom Dybevik. Svenske Per Nilsson og islendingen Robert Orri Thorkellson har kome inn i forsvarsrekka, og danske Lucas Haren har styrka laget på kanten.

Svenske Johan Wennberg er lagets hovudtrenar, fast frå i år, etter nokre år som assistent og midlertidig i fjor haust. Han spelte og for klubben  i fire sesongar frå 2015-2018.

Kongsvinger har skaffa seg 28 poeng så langt i sesongen, og ligg på 8.plass, 6 poeng bak Bryne.  Laget har ein jamn bortestatistikk med 3 sigrar, 3 uavgjorte og 3 tap.

Tidligare spelarar
Opp gjennom historia er det fleire spelarar som har spela for både Bryne og Kongsvinger. Pål Håpnes spela for Kongsvinger både før og etter han spela i Bryne-trøya i Eliteserien tidlig på 2000-talet. Caleb Francis hadde tre gode sesongar på slutten i Bryne på slutten av 90-talet, og Svein Enersen var og innom begge klubbane på den tida. Den finske midtstopparen Jaakko Nyberg hugsar nok og mange i Brynedrakt i fleire sesongar  for 15-20 år sidan. I tillegg spelte både Kai Risholt og Jon Inge Høiland for begge klubbane. 

I dei siste åra kom Christian Røer til Bryne og fekk ein sesong, etter fleire år i Kongsvinger, men ein stygg skade stoppa dessverre karriera hans. Joacim Holtan forlot nettopp Kongsvinger og gjekk til Egersund, og var ein av opprykksheltane i Brynedrakt i 2020.

Kjøp billett til kampen her

Annonse fra Obos-ligaen: