Formlag i flomlys

Kom på flomlyskamp og hjelp Bryne fram til ny seier!

Måndag kveld er Raufoss motstandar på Stadion. Laget frå Toten ligg 9 poeng bak oss på tabellen, og har i haust, etter åtte kampar på rad utan tap, kome seg heilt opp på 6.plass, og er med i kampen om kvalikplass. Laget har sluppe inn 29 mål så langt. Berre Bryne med 26 har færre.

Kjøp billett til kampen her

Men på Bryne Stadion har ikkje Raufoss lukkast dei siste sesongane. Sidan 2016, då begge laga rykka ned, har Bryne vunne alle fire kampane, og den rekka er nok Raufoss svært innstilt på å stoppa, særlig når laget er i form og har vunne sine fire siste bortekampar i haust. Ei slik seiersrekke  vil nok og motivera Bryne til ekstra innsats, sidan vi har spela 11 kampar på rad heime utan tap.

Sjur Jonassen feirer scoring mot Raufoss forrige sesong.
Sjur Jonassen feirer scoring mot Raufoss forrige sesong.

Raufoss
Raufoss har vore i OBOS-ligaen sidan 2019, og har fleire samanhengande periodar både på øvste og nest øvste nivå i norsk fotball tidligare. Lagets trenar, svenske Jørgen Wålemark, overtok etter Christian Johnsen i fjor vinter etter å ha vore assistenten hans i eitt år.

Mange kjente fotballnavn har vore tilknytta Raufoss: Trenarane Ivar Hoff og Dag Oppjordsmoen, i tillegg til tidligare landslagsspelarar som Svein Grøndalen, Stein Kollshaugen og Pål Strand.

Etter ein poengfattig vårsesong, har laget verkeleg kom i form i haust. Sist laget tapte ein fotballkamp var mot Vålerenga på bortebane 11. august, med 0-3. Etter det har både Start, Stabæk, Levanger og Lyn gått av sin eigen heimebane utan poeng mot laget frå Toten.

Keeper Ole Kristian Lauvli er klubbveteran og kaptein med over 300 obligatoriske kampar for klubben sidan 2012. Laget spelar som oftast i 3-5-2, og i det sterke midtforsvaret er som oftast ghanesaren Jamal Haruna, tidligare Brynestoppar Kristoffer Hay og rutinerte Adnan Hadzic frå Horten, som har spelt i Fredrikstad og KFUM å sjå på banen. Men Adrian Hansen, med fortid i Mjøndalen har og spela mange kampar denne sesongen, både som stoppar og vingback.

Rotihaug kommer tilbake til Bryne stadion, denne gang som Raufoss-spiller.
Rotihaug kommer tilbake til Bryne stadion, denne gang som Raufoss-spiller.

Det er mange nye på midtbanen sidan Raufoss gjesta Bryne i fjor sommar. Jakob Ørsal med fortid i Molde-systemet er framleis med. Svenske Viktor Fors kom til klubben i år frå Eskilstuna. Telemarkingen Sander Nordbø frå Odd kom og i år, medan Kodjo Samesi og Ryan Nelson kom frå naboklubben Gjøvik/Lyn i fjor. Oliver Rotihaug har og spela mange kampar på kanten, men har vore ute med skade den siste tida.

På topp overtok Erlend Hustad etter Andreas Helmersen som drog til EIK denne sesongen. Han gjekk gradene i Molde-systemet og har funne igjen litt av scoringsformen i år, etter to sesongar med måltørke i Jerv med 1 mål på 37 kampar. Jan Inge Lynum er oftast Hustads spissmakker. Han kom frå Elverum i år, og har som yngre vore i Rosenborg.  Andre aktuelle er Adan Hussein og Magnus Fagernes, som begge har fortid  i Moss. Yaw Agyeman  og James Ampofo er begge lokale unggutar som har vore på banen for laget i år.

Tidligare kampar og spelarar med kampar for begge lag
I nyare tid har som nevnt Bryne vunne dei fire siste oppgjera heime, 2-0 i 2016 3-1 i 2021, 5-0 i 2022 og 4-1 i 2023. Robert Undheim var på scoringslista i alle dei tre siste heimekampane. Sondre Norheim var på banen så langt tilbake som i 2016. Borteseieren på Raufoss i siste seriekamp i fjor haust då Bryne sikra 6.plass og fekk kvalikkampar hugsar nok dei fleste.

Går vi endå lengre tilbake i historia må nevnast to kampar: 0-1 tapet på heimebane i siste seriekamp i 1998 der Bryne mista kvalikplassen, og ikkje minst 1-0 seieren i siste bortekamp i 1999, der kaptein Asle Andersen scora på straffe og heldt oppe opprykkshåpet. B-gjengen var sterkt tilstades på den kampen og.

Kristoffer Hay og Oliver Rotihaug har spela mange kampar for Raufoss denne sesongen. Får håpe dei vert å sjå på Stadion og denne måndagskvelden, der Bryne vil kjempa for tre poeng mot ein sterk motstandar.

Kjøp billett til kampen her

Annonse fra Obos-ligaen: