
Før kampen mot Bodø/Glimt
Kan vi slå seriemesteren på Stadion i serieåpninga?
Vi har visst det sidan like før jul ifjor: Bodø/Glimt er våre gjester i serieåpninga 30.mars. Og nå er det berre nokre dagar til. Våren er komen til Jæren, der spelarane får norsk gras under føtene for første gong i kamp i 2025. Det har ikkje vore spelt eliteseriefotball på Bryne Stadion på 22 år, og nå er Bryne FK endeleg tilbake der vi høyrer heime. Og det kan ikkje bli betre enn å få måla krefter mot Norges suverent beste lag dei siste fem åra.
Bodø/Glimt - historikk
Glimt markerte seg først i norsk toppfotball for nøyaktig 50 år sidan, i 1975,med å vinna cupfinalen mot Vard, same året som Bryne rykka opp til dåverande 1.divisjon, for første gong. Denne kampen kan derfor markerast som eit slags jubileum for begge klubbane. Året etter, i 1976, rykka og Glimt opp, og alt året etter i 1977 vart laget nr.2 i 1.divisjon.
Det skulle gå mange år før Glimt igjen kjempa heilt i toppen. I 1992 var laget tilbake i øvste divisjon med nytt cupgull og 2.plass alt året etter, med Trond Sollied som trenar. Ti år seinare, i 2003, vart det nytt seriesølv og cupfinale tap mot Rosenborg, nå med Øystein Gåre som trenar. Nye 10 år seinare , i 2013, vart det igjen opprykk til eliten etter fleire sesongar på nivå 2. Jan Halvor Halvorsen, opprykkskongen i den norske trenarstanden, leia laget til ein suveren 1.plass i Adeccoligaen og vart med eit par sesongar til , før det igjen vart nedrykk i klubbens 100-års jubileumssesong, i 2016.
Det som har hendt med klubben etter det , er berre eit eventyr, som nok dei fleste som er glad i norsk fotball kjenner til, der klubben har vunne fire av dei fem siste seriemesterskapa, og spelt gode kampar mot europeisk motstand i mange år. Og høgdepunktet så langt er like om hjørnet: Kvartfinale i Europaligaen mot Lazio i Roma berre fire dagar etter serieåpninga.
Kamp- og spelarhistorikk
Sist Bryne møtte Glimt i seriekamp på Bryne Stadion var i Adeccoligaen, for nesten 12 år sidan, i april 2013. Bryne vann 4-0, med to scoringar kvar av Aram Khalili og Oddbjørn Skartun. Likevel vann som nevnt Glimt ligaen suverent, og Bryne kom på 7.plass ved sesongslutt. Ein av spelarane på kvart lag i den kampen , Jon Helge Tveita for Bryne og Ulrik Saltnes for Glimt er framleis aktive i dag.
Mange har hatt ulike rollar i begge klubbane. Jan Halvor Halvorsen har trent begge til opprykk. Tommy Bergersen har spelt for begge, og vore trenar i Bryne. Håvard Sakariassen har spelt for begge og er nå sportssjef i Glimt. I si tid i Bryne i Adeccoligaen scora han 4 mål mot Manglerud/Star på Bislett. Både Marius Lode og Geir Andrè Herrem var viktige spelarar for Glimt då oppturen starta for nokre år sidan, etter å ha markert seg i yngre år for Bryne. Også Aram Khalili, Krister Wemberg, Thor Mikalsen, Cato Andrè Hansen, Erlend Robertsen , Tommy Knarvik og Jim Johansen har hatt både røde og gule drakter på seg i seriekampar.
Kampar mellom Bryne og Bodø/Glimt har ikkje alltid vore like jamne opp gjennom åra. I 1980 vann Bryne sin største seier gjennom tidene i eliteserien med 7-0 mot Glimt. På Aspmyra har Bryne sin største borteseier i toppfotballen, 5-0 i 2010 med Tommy Bergersen som trenar og Kai Ove Stokkeland som kampens gigant.. Tidenes comeback i eliteserien for Bryne er også mot Glimt.
På Bryne Stadion i 2002 leia Glimt 3-0 midt i andre omgang, men Bryne snudde kampen og vann
4-3 der Marcus Andreasson heada inn seiersmålet 3 minutt på overtid.
Kampen
Åpningskamp mellom seriemesteren og eit nyopprykka lag, er ikkje sjeldan kost. Og det er langt frå alltid at mesteren vinn. Det er 11 spelarar på kvart lag, og ballen er rund. Flomlys, stappfulle tribunar og godt førebudde supporterar vil gjera dette til ei oppleving. Søndag kveld har heile fotball-Norge blikket retta mot Bryne Stadion. Vi gler oss.