Bryne FK 95 år
Bryne FK er ein sprek 95 åring
I dag 10. april fyller vår kjære fotballklubb 95 år. Det er synd at det ikkje ligg til rette for noko stor feiring, men heilt i det stille skal det ikkje få passere.
I 95 år har Bryne FK gjort ei oppgåve ei stor oppgåve i samfunnet: Born og ungdomar har hatt ein trygg og god oppvekst i klubben. Og gjennom åra har folk på Jæren latt seg begeistre, irritere og engasjere av Bryne FK både på og utanfor banen.
Bryne FK skal vera ein toppklubb i fotball Norge, men me skal våge å vera annleis enn mange andre klubber. Me skal sjølvsagt lære av andre, men me skal drive klubben på vår måte. Den jærske måten. Dette året skal me ta viktige vegval i klubben som vil bestemme korleis hundreåringen Bryne FK skal sjå ut i 2026.
Sjølv om det ikkje vert jubileumsfest i år – så skjer det i dag noko som er særs viktig for klubben. Bryne FK inviterer til fyrste fotballtrening for dei gutane og jentene som er fødde i 2016. Ein ny generasjon ungar skal ta sine første spark med raud og kvit drakt.
Det jo dette som er visjonen til dagens jubilant: «Bryne FK skal så fotballglede, dyrke talent og hauste mirakel». Så det passer perfekt å markere 95 år jubileum med å «så fotballglede» for 2016 årgangen på Bryne.
Når me i 2026 skal feire 100 års jubileum så er gutane og jentene som i dag har si fyrste trening vera med for å syne korleis dei har dyrka fotballglede og talent.
Gratulera med dagen Bryne FK.
Vi legger med noen bilder fra A-lags treningen
og noen fra de minste som har hatt sin første fotballtrening i klubben