Toppkamp mot Vålerenga

Med åtte kampar igjen å spela ligg Bryne på 2.plass på tabellen, og nå er det tabelltopp Vålerenga som kjem til Jæren for å prøva å ta poeng mot eit sterkt Brynelag.

Laurdagskamp med gode verutsikter skulle kunne trekka eit stort publikum til Stadion, der og våre gjester frå Oslo kjem til å ha med seg hundrevis av supporterar. «Klanen» er vel dei einaste bortesupporterane som verkeleg kjem til å utfordra B-gjengen på tribunen på heimebane  i år, så det kjem heilt sikkert til å bli liv og stemning på kampen laurdag ettermiddag. Så har du ikkje fått deg billett, så kjøp nå!

Kjøp billett til kampen her

Vålerenga
Vålerenga er eit sterkt namn i norsk fotball. Med fem seriemesterskap, det siste i 2005 og fire cupgull, det siste i 2008, er det eit lag med stolte tradisjonar. Før nedrykket til OBOS-ligaen i fjor haust var laget 22 år på rad på øvste nivå i norsk fotball, den lengste perioden i klubbens historie. Men klubben har og hatt sine tunge periodar, med konkurs, nedrykk til nivå tre, og manglande publikumsoppslutning som ein del av historia. Supporterklubben Klanen, var ein av dei første i landet, saman med B-gjengen, tidlig på 90-talet, og har vore ei sterk kraft i klubben sidan då.

Kampsponsor Lyse deler ut gratis supporterskjerf til alle barn og unge som kommer på kamp.
Kampsponsor Lyse deler ut gratis supporterskjerf til alle barn og unge som kommer på kamp.

Laget
Årets lag er ei god blanding av rutine og relativt nye og unge spelarar.  Lagets keeper er Magnus Sjøeng, som nå er fast på Norge U-21, og har gått gradene i klubben. Den mest brukte forsvarsrekka har to med mykje rutine og spel i utanlandske klubbar, og to yngre Oslo-gutar med erfaring frå norsk toppfotball. Vegar Eggen Hedenstad er 33 år, har 51 U-landskampar og 4 A-landskampar for Norge, og kom til klubben i 2022 etter å ha spela for Stabæk, tre ulike tyske klubbar og Rosenborg. Simen Juklerød (30 år) har og vore utanlands, i Belgia, og spela for Royal Antwerpen og Genk, før han kom heim att til Vålerenga i 2022. Aaron Kiil Olsen har erfaring frå Bærum og KFUM, medan Sebastian Jarl har spela i Sarpsborg 08, KFUM og Kristiansund.

På midtbanen har bergensaren Petter Strand (30) mykje rutine, med spel for Sogndal, Molde og Brann før han kom til klubben i 2022. Dei to andre er nye i år. Danske Carl Lange og  Fidel Ambina frå Kamerun med spel for Cape Town i SørAfrika utgjer saman med Strand ein sterk trio.

På topp kom ein ny danske inn i sommar, Muamar Brajanec (23), med ungdomsbakgrunn frå Brøndby og København, og seinare spel for Horsens og Hobro. Han har scora 8 mål på 7 kampar etter overgangen. Dei to andre i angrepsrekka er tenåringar. Magnus Riisnæs (19), son til velkjente Dag Riisnæs, og Jonas El-Abdellaoui (18) har begge mange kampar for norske U-landslag.

Andre aktuelle spelarar er forsvarsspelar Christian Borchgrevink, midtbanespelarane Elias Hagen og Henrik Bjørdal, og spissen Ola Kamara, alle med god rutine frå ulike land i toppfotballen.

Lagets trenar, Geir Bakke (54) debuterte som trenar i Skjetten i 1998, og har vore innom eit «lass» av norske toppklubbar før han på kontroversielt vis gjekk frå Lillestrøm til Vålerenga i 2023.

Historikk
Laga møttes på Intility Arena 4.mai i år, der Vålerenga vann 1-0 i ein jamnspelt kamp. Elles må vi heilt tilbake til 2003 sist laga møttes på Bryne Stadion, i Brynes førebels nest siste seriekamp på heimebane i øvste divisjon.  Vålerenga vann 4-3 etter at Bryne leia 3-1 med 25 minutt igjen av kampen. Morten Berre scora seiersmålet på overtid. På kampen var det 3235 på tribunane. (Kan det bli opp mot det same på laurdag?)  Eit anna oppgjer på Bryne som ennå sit i minnet for dei som var tilstades, er kvalik-kampen i 1973, med snø på banen, der Yngve Andersen scora det einaste målet, og førte Vålerenga til eliteserien.

Det er få spelarar som har klubberfaring frå begga klubbane. To av dei var på lån frå Vålerenga til Bryne, begge sørlendingar: Knut Henry Haraldsen som spela heile sesongen 2001, og Stefan Strandberg, seinare landslagskaptein, som var på eit kort opphald hausten 2009. Den mest kjente er kanskje likevel landslagskeeperlegenda Tom R. Jakobsen som spela to sesongar i Bryne på slutten av 70-talet  og gjekk til Vålerenga for rekordsummen 100.000 kr før 1980-sesongen. Den siste er ekte Brynegutt: Magnus Rets Grødem.

Kjøp billett til kampen her

Annonse fra Obos-ligaen: