Ny toppkamp mot Moss

Med seks kampar igjen å spela ligg Bryne framleis på 2.plass på tabellen, etter å ha slått Sogndal 3-2 på Fosshaugane onsdag. Nå er det laget på 3.plass, Moss, som kjem på besøk.

Moss slo Sandnes/Ulf 6-1 heime på onsdag, og ligg berre 4 poeng bak på tabellen. Med 1-1 kampen mot Vålerenga sist laurdag i friskt minne, og over 3000 på tribunane, kan det godt bli endå fleire denne laurdagen.

Så kom deg på kamp. Dette blir gildt!

Kjøp billett til kampen her

Moss
Moss er ein klubb med stolte tradisjonar i norsk fotball. Med 19 sesongar på øvste nivå, er cupgullet i 1983 og seriegullet i 1987 høgdepunkta. Klubben har hatt ei liknande utvikling som Bryne, første opprykk til elitenivå året etter oss, i 1976, storhetstid på 80-talet, utanfor toppfotballen i fleire år etter 2010, og tilbake i OBOS-ligaen etter opprykk i 2022. Mange store fotballnamn har hatt på seg den gule og svarte drakta. Einar Jan Aas, den første nordmann i engelsk toppdivisjon, Geir Hænes, Stein Kollshaugen, og trenarlegender som Nils Arne Eggen (seriegull i 1987), Per Mathias Høgmo og Knut Torbjørn Eggen for å nemna nokon. Lagets supporterklubb er Kråkevingen,som vart stifta i 1995, og vert nok både å sjå og høyra under kampen.

Fest i Telt E før kamp
Fest i Telt E før kamp

Laget
Årets lag er ungt og spennande, der stammen i laget har vore saman sidan opprykkssesongen i 2022.  Lagets keeper er Mathias Eriksen, Oslogutt som kom frå Molde i 2021, og i tillegg har vore innom Mjøndalen og Hamkam.  I forsvarsrekka er Kristian Strande den mest rutinerte. Han er frå Molde, og har vore i Brattvåg, EIK, Hamkam og Arendal før han fekk vera med på opprykket i Moss i 2022. Ilir Kukleci og Marius Cassidy har bakgrunn frå Frigg, Saadiq Elmi er og Oslogutt, og kom tilbake til Moss før denne sesongen etter å ha spela for klubben også i 2021. Marius Andresen er frå Romerike og kom i 2022.

På midtbanen spelar Aleksander Håpnes som hadde sine første leveår på Bryne, då far hans, Pål, spela her i 2000 - 2002.  Aksel Potur med bakgrunn i Lillestrøm og KFUM og Kristoffer Harrison som har gått gradene i Stabæk og vore i Kjelsås og Grorud vert nok også å sjå på banen.

Hele Jæren på kamp.
Hele Jæren på kamp.

På topp finn vi den einaste rogalendingen, Thomas Jakobsen, som scora målet i vårkampen mot Bryne på Melløs, der Moss vann 1-0. Han er frå Randaberg, gjekk gradene i Viking, før han etter eit par sesongar i Vidar reiste til Moss i 2020. Etter fleire låneopphald i KFUM er han nå ein etablert målscorar i OBOS-ligaen. Sebastian Pedersen frå Hamar, bror til meir kjende Marcus, har fleire U-landskampar for Norge på ulike nivå, og vore innom både Stabæk, Strømsgodset og Strømmen før han etablerte seg i Moss i 2023. Svenske Noah Alexandersson (22) frå IFK Gøteborg er og ein målfarlig spiss. Denne sesongen har og unge Bo Hegland spela fleire kampar i angrepsrekka.

Lagets trenar er Thomas Myhre (50) med 56 A-landskampar og ei 20 år lang keeperkarriere. Han starta i Moss, hadde to opphald i Viking, og var innom engelske toppklubbar som Everton og Sunderland, i tillegg til spel i Skottland, Danmark og Tyrkia. Moss er hans første klubb som trenar og han er nå inne i sin andre sesong i OBOS-ligaen etter opprykket i 2022. 

Gratis inngang for alle under 16 år.
Gratis inngang for alle under 16 år.

Historikk
Møtet mellom laga på Melløs i juni er alt nevnt. I fjor haust på Bryne vann heimelaget 3-1 med to mål av Duarte Moreira og eitt av Andreas Dybevik, medan Noah Alexandersson scora for Moss. I 2019 møttes laga i PostNord ligaen. Igor Spiridonov stod i mål for Bryne i begge kampane, der Moss vann 1-0 på Bryne og Bryne vann 3-2 på Melløs der Robert Undheim scora 2 av Bryne sine mål. Ingen andre spelarar er igjen i troppen for sine klubbar idag.

Det er ein del spelarar som har klubberfaring frå begga klubbane. Pål Håpnes hadde eit kort låneopphald i Moss og tre sesongar i Bryne. Erik Holtan avslutta karriera med tre sesongar i Moss og eit kort låneopphald i Bryne i 2006. Håvard Sakariassen hadde eit par sesongar i Moss før han var i Bryne.  Tom Reidar Haraldsen og Krister Wemberg var begge med for Moss på Bryne i 2010 då Bryne vann 5-0, etter at Tom hadde vore i Bryne, og før Krister seinare kom til Bryne. Spissen Bajram Ajeti kom til Bryne frå Moss  i 2016, medan Omar El Gauthi var ein flittig målscorar for begge klubbane og den førebels siste som har vore både i Moss og Bryne.

Kjøp billett til kampen her

Annonse fra Obos-ligaen: