Møter serieleder Levanger

Bryne tek imot Levanger til kamp på måndag. Les deg opp og gjer deg klar til kamp.

Bryne har spelt fire gonger mot Levanger på heimebane og vunne alle, i 2015 (4-1) og 2016 (4-3) i Obos-ligaen, og 2019 (2-0) og 2020 (4-1) i PostNord-ligaen. Men Levanger har ikkje tapt ein seriekamp sidan september 2022, og rykka opp i fjor utan å tapa ein einaste kamp, med 13 strake sigrar på bortebane. Dermed er det duka for toppkamp på Stadion måndag kveld.

Bli med oss på neste hjemmekamp!
Det lønner seg fremdeles å kjøpe sesongkort

Levanger
Levanger Fotball vart stifta i 1996, der dei to klubbane Sverre og Nessegutten gjekk saman for å samarbeida istaden for å konkurrera om å vera best i byen. Gradvis avanserte laget i divisjonssystemet og fekk fire sesongar i OBOS-ligaen 2015-18 med 7.plass i 2017 som beste plassering. I det femte året på nivå tre etter nedrykket vart det så suverent opprykk i fjor, med Per Verner Rønning som hovedtrenar.

Rønning  starta spelarkarriera si i Levanger, og i 2005-2015 spela den store og sterke midtstopparen toppfotball i Kongsvinger, AIK, Bodø/Glimt og Rosenborg før han avslutta si aktive karriere heime i Levanger i 2019 som assistenttrenar og tok over som hovedtrenar året etter. Gradvis har han, saman med assistenttrenar og spelar Jo Sondre Aas, bygd eit solid lag med mange gode og erfarne spelarar frå norsk toppfotball. Verdt å merka seg er at at 7 av spelarane som var med på det siste tapet (mot Asker i september 2022) framleis er på laget, og ikkje har tapt ein kamp sidan då.

552A6194.jpg
Vi ser frem til minst like god kok som i serieåpningen når Levanger kommer på besøk.

Keeper Morten Sætra er ny i år frå Strømsgodset. I forsvaret er rogalendingane Daniel Pollen som midtstoppar og Jonas Pereira som back velkjente her i fylket. Saman med klubbveteran Sander Sundnes med sine lange innkast og kaptein Håvard Lorentzen dannar dei eit sterkt forsvar.

På midtbanen regjerer ennå assistenttrenar Jo Sondre Aas, med god erfaring frå norsk toppfotball i Rosenborg, Moss, Sandefjord og Ranheim før han sette kursen heim til Trøndelag og Levanger i 2016. Svenske Ermal Hajdari, trønderen Sander Saugestad, nordlendingen Adrian Teigen og Simen Hagbø som har gått gradene i Molde-systemet  kjemper om plassane på midtbanen. Alle har fleire år i klubben.

På topp kjenner alle Bryne-supporterar til Arne Gunnes, som var i klubben vår i 2022. Mindre kjent er spissmakker Sanel Bojadzic, toppscorar i fjor med 19 seriemål. Han starta fotballkarriera si i Klepp,  var innom Brodd, Vidar,  Egersund og Fram Larvik før han drog til Levanger i 2022. Han har scora to mål både mot Åsane og Moss i år og er toppscorar i OBOS-ligaen nå. I stallen er det og fleire spennande unggutar, blant anna Herman Stakset som har bakgrunn frå Brann 2 og scora to mål nettopp då Levanger vann 4-0 i 1.runde i NM mot Mosjøen.

Kjøp billett til kampen mot Levanger på mandag:
Kjøp billett til neste hjemmekamp

Bryne
Laguttaket er alltid spennande, men det blir neppe mange endringar frå kampen mot Stabæk, sjølv om fleire av unggutane viste godt spel og målteft i 10-0 seieren mot Forus/Gausel. Jon Helge Tveita er skadefri og er vel den mest aktuelle kandidaten til endring på laget.

Historikk
Litt historikk om Bryne - Levanger: Sist vi møtte Levanger på heimebane, i covidåret 2020, vann vi 4-2 der Robert Undheim og Andreas Dybevik scora to mål kvar. Vi låg under 1-2, fekk Josh Robson utvist, snudde kampen og vann likevel 4-2 med ti mann.

I 2019 vann vi 2-0, og med Robert og Andreas på banen. I 2016 vann vi 4-3 med Erling Braut Haaland på benken, der Sondre Norheim kom inn i 2.omgang og var med på at Marius Helle scora seiersmålet på overtid i ein dramatisk kamp. Frå oppgjeret i 2015, der vi vann 4-1 kan nevnast  at Jon Helge Tveita vart bytta ut mot slutten av kampen med ein ung Magnus Rets Grødem.

Fleire av Levangerspelarane har og vore med på desse oppgjera . Jo Sondre Aas var med i 2016, og både Sundnes, Teigen, Lorentzen, Hagbø, Aas, Hajdari og Saugestad var med i ein eller to av kampane på Bryne i 2019 og 2020 i PostNord-ligaen.

Av spelarar som har spelt i begge klubbane kjenner dei fleste til Pål Aamodt, Tobias Guddal og Arne Gunnes. Keeper Elias Hadaya og Ørjan Hopen er to andre.

Bli med oss på stadion. Kjøp sesongkort:
Kjøp sesongkort
Abonner på sesongkort

Kjøp billett til kampen mot Levanger på mandag:
Kjøp billett til neste hjemmekamp

 

Annonse fra Obos-ligaen: