Lyn tilbake på Bryne stadion

På søndag blir det Jonsokfeiring på Stadion – utan bål men med full fyr på tribunen.

I år bør du starta Jonsokfeiringa på Bryne Stadion der det tidligare tradisjonsrike storlaget Lyn gjestar oss søndag ettermiddag. Lyn er tilbake i toppfotballen etter to opprykk på rad, leia av vår tidligare trenar Jan Halvor Halvorsen, «opprykkskongen» i norsk toppfotball. Bryne går for sin sjette heimesiger på rad, så det er duka for eit spennande oppgjer mellom to lag som begge ligg på øvre halvdel av tabellen i OBOS-ligaen.

Kjøp billett til kampen her

Lyn
Lyn ligg på 8.plass på tabellen, tre poeng bak Bryne, og har spela heile 6 kampar uavgjort, medan Bryne ikkje har spela uavgjort ennå. På bortebane har Lyn vunne to kampar, 3-0 mot Aalesund og nå sist 4-1 mot Start, to av laga som har sleppt inn flest mål. Laget spelar i ein tydelig 4-3-3-formasjon, er eit godt kollektiv, og Halvorsen har sett saman ein tropp med vaksne spelarar som ikkje har lukkast i andre klubbar, og unge frå eigne rekker som gradvis har teke nivået i divisjonen. Med to opprykk på to år er det sterkt, særlig med tanke på at stammen i laget er den same som har vore med på heile «reisa» frå 3.divisjon i 2022. Laget har spelt dei fleste heimekampane sine på Bislett-graset i år.

Siste innsats før ferien for både Sjur Jonassen og Bondehæren.
Siste innsats før ferien for både Sjur Jonassen og Bondehæren.

Laget
Alexander Pedersen er lagets keeper. Han gjekk gradene i Hønefoss, og var innom både Kongsvinger, Start og KFUM før han vart henta av Halvorsen før 2022-sesongen. I den mest brukte forsvarsrekka er det to som alt var på plass før Halvorsen kom: Midtstoppar William Sell med bakgrunn i Mjøndalen og Herman Solberg Nilsen, frå Sandefjord som og har spela i Kongsvinger og Fram Larvik. Jørgen Sjøl er ny i år frå Ørn Horten. Han vart «oppfostra» i Strømsgodset fram til senioralder og har og vore innom Bærum. Unge Daniel Schneider er ekte Lyn-gutt og konkurrerer om den eine backplassen med Håvard Meinseth som vi kjenner frå tida i Sola og Arendal.

På midtbanen vart Julius Skaug med bakgrunn frå Follo og Asker og Henrik Kristiansen som har spelt for Lillestrøm, Ull/Kisa og Ranheim henta til fjorårssesongen, medan Even Bydal har vore med på begge opprykka og spelt tidligare for Raufoss og Kongsvinger. Adrian Berntsen, som vi kjenner godt frå tida i Bryne, Sandnes/Ulf og Notodden er og med og kjempar om ein plass på midtbanen saman med Anders Bjørntvedt Olsen som har vore svært viktig for laget sidan han kom frå Fram/Larvik i 2021.

Lagets store veteran er Ibba Lajaab (39). Han har spela toppfotball i Japan i fleire år, og har eliteserieerfaring frå Bodø/Glimt;Stabæk og Vålerenga, i tillegg  til å vera landslagsspelar i Futsal. Han har vore med på begge opprykka med klubben, og er ofte ein «supersub» som kjem inn og scorar avgjerande mål. Men det er fleire som kan scora mål. Mathias Johansen som kom frå Arendal i år scora tre mot Start sist helg, og Andreas Hellum som kom frå same klubb året før scora 15 i opprykkssesongen i fjor. Jakob Hanstad, ekte Lyngutt med eit par sesongar i Kjelsås er toppscorar i år, med 14 mål i serie og cup.

Marius Helle scoret mål sist Lyn var på besøk.
Marius Helle scoret mål sist Lyn var på besøk.

Historikk
Sist laga møtte kvarandre var i mai 2010, berre ein månad før Lyn vart slått konkurs og alle lagets kampar i vårsesongen vart annulerte. Bryne vann 3-1 med to scoringar av Ezekiel Bala og eitt på straffe av Marius Helle som scora 17 seriemål for Bryne den sesongen før han vart selt til Stabæk tidlig i august. Den mest minnerike kampen er i særklasse siste heimekamp i 1999, då Thomas Dahl vart legendarisk i Bryne med sin scoring i siste speleminutt som sendte klubben til Tippeligaen.

Fleire spelarar har spela for begge klubbane. Ståle Oldeide, Anders Eriksson og Tommy Bergersen flytta frå Bryne til Oslo etter 1993-sesongen, og Knut Aga jr spelte for Bryne i 1992 og avslutta si toppfotballkarriere i Lyn nokre år seinare. Adrian Berntsen er den siste tidligare Brynespelar som nå spelar i Lyndrakt.

Kjøp billett til kampen her

Annonse fra Obos-ligaen: